Ingredienser

80 gram margarin
3 1/2 dl mjølk
80 gram sukker
50 gram gjær
1 egg
4 ts anisfrø
ca. 10-11 dl sikta kveitemjøl

Tilberedning

Smelt margarinen, og varm margarin og mjølk til 37 grader. Hell dette over i ein bakebolle og tilsett sukker. Rør gjæra ut og visp inn egget. Ha i anisfrø og kveitemjølet til slutt. Pass på å ikkje ha for mykje kveitemjøl i på ein gong. Mjølmengda må du regulere litt sjølv. Kjenn på deigen og vurder. Vert deigen for fast vert han ikkje god, og det er lettare å gjere noko med ein for laus deig enn ein for fast deig. Sett deigen til heving i 25 minutt. Strø mjøl på bakebordet, legg deigen oppå og kna han saman. Del han i 20 emne og trill ut til kringler. Etterhev kringlene på steikebrettet i 25 minutt. Pensle kringlene med ei blanding av egg og mjølk og steik dei på 210 grader, midt i omnen, i 15 minutt.

Rating: 4.0. From 34 votes.
Please wait...