Ingredienser

2 ½ dl vatn
50 g sukker
2 heile stjerneanis
2 nellikspikar
3 kardemommekapslar
1 kanelstang
½ vaniljestang

Div. frukt f.eks
1 eple
1 pære
1 klementin
1 kiwi
8 plommer
1 lita banan
1 beger kesam vanilje.

Tilberedning

kok opp vatn og sukker på svak varme og rør til sukkeret er oppløyst.
splitt opp vaniljestanga og tilset den saman med resten av krydderet
gi dette eit oppkok og la det så trekkja i 5 – 10 min
avkjøl
vask og skjer frukta opp i fine bitar og ha dei i ei skål
sil kryddersirupen over
la dette trekkja i min 30 min. Vend frukta av og til
server med oppvispa vaniljekesam.

(Besøkt 118 ganger, 1 besøk i dag)