Ingredienser

1 gryteferdig høne
50 g bacon
4 store løk
3-4 fedd kvitløk
olje til steiking
10-12 dl vatn
2-3 buljongterningar
(hønsebuljong)
salt og pepar
4-5 ss peanøttsmør
(uten sukker)
2-3 ss kveitemjøl

Tilberedning

1. Del høna i passelege stykkar for steiking. Fjern gjerne overflødig fett.
2. Kutt løken i småbitar og knus kvitløken i småbitar. Brun løken og kvitløken i ei jerngryte.
3. Brun så hønsestykka og brun også baconet lett.
4. Ha løken, bacon og høna i gryta og slå vatn og buljong over. La alt koke til hønsekjøttet er skikkeleg mørt. Spe på med vatn dersom mykje fordampar.
5. Tilsett peanøttsmør og la det smelte og blande seg med krafta.
6. Lag ein jevning av kveitemjøl og litt vatn. Ha det i gryta og la det koke i enda 5 minuttar
7. Server med «cous-cous»

(Besøkt 120 ganger, 1 besøk i dag)