Ingredienser

1 løk
½ grønn paprika
2 ss olje
1 ts ingefær
1 fedd kvitløk
1 ts salt
1 ts karri
½ ts gurkemeie
½ ts chilipulver
2 dl vatn
1 ss tomatpuré
8 potetar
4 dl frosne erter
2 dl bønnespirer
½ boks babymais

Tilberedning

1. Løken skrellast, finhakkast og brunast lettt i varm olje.
2. Tilsett paprika i terningar saman med ingefær, pressa kvitløk, salt, karri, gurkemeie og chilipulver. Rør lett om.
3. Tilsett vatn og tomatpuré og la det heile småkoke i ca. 5 min under lokk.
4. Potetane skrellast og skjærast i terningar før dei tas i gryta. Kok vidare ca. 10 min.
5. Erter, bønnespirer og babymais tas i til slutt. Kokast 5-6 min.
6. Serverast gjerne med kokt jasminris og brød.