Ingredienser

2 makreller
2 ss margarin eller olje (jordnøttolje)
2 løk
2 tomater
1 fedd kvitløk
1½ ss vineddik
2 dl kvitvin (eller eplesaft)
salt og pepar

Tilberedning

1. Varm olje eller margarin i ein stor panne. Jordnøttolje kan brukast.
2. Finhakk løk og kvitløk og ha det i steikapanna. Del tomatane i små båter og legg dei i panna saman med løken. La blandinga surre eit par minuttar.
3. Legg i rensa makreller og brun dei på begge sider.
4. Hell vineddik og kvitvin eller eplesaft over. Strø over rikeleg med salt og pepar.
5. Dekk til med lokk og la retten trekke på svak varme i ca. 15 min.
6. Server makrellane direkte frå panna med kokt ris eller poteter og ein salat.