Ingredienser

1 kg malte eple
8 dl vatn
16 gram sitronsyre
Rør dette saman og la det stå kaldt eit døgn.
Sil safta gjennom ein saftduk.
Rør godt inn ca 600 gram sukker per liter saft.

Tilberedning

Eg brukar kverna til å male epla på, men før eg gjer det tek eg vekk kjernehuset med ein kjernehusutstikkar. Manglar du ei kvern kan du heilt sikkert bruke foodprocessor (matmølle) med kniv til å male epla på. Safta held seg lenge når ho står kjøleg, men ho kan og frysast.

(Besøkt 498 ganger, 1 besøk i dag)