Ingredienser

Bruk slagsider av kje som er i godt hold, og over 3 kg.
2-3 slagsider er passe til ein rull, avhengig av storleiken på kjea.

Krydderblanding:
Lag krydderblanding av salt, pepar, timian, oregano, litt paprika, basilikum og rosmarin.
Strø godt med krydder på innsida av slagsidene.
Strø også på litt gelatinpulver.

Tilberedning

Legg slagsidene på benken slik at dei dannar eit beint stykke. Pass på at du har ein bein og solid kant i den eine enden av stykket. Denne enden skal danne utsida av rullen. Sy saman rullen med tynn hyssing og stoppenål. Surr også hyssing rundt rullen.

Rullen skal trekkjast i lake i ca. 2 timar. Rullen må vere dekt av lake i gryta.

Lake:
Til 3 liter lake treng du:
4 store ss salt
2 ss einebær
1 ss oregano
1 liten purrelauk i bitar

Har du bergmynte kan du leggje nokre strå i laken.

Kok opp laken før du har i kjerullen. Skru ned plata når laken tek til å koke att. Reguler temperaturen slik at laken heile tida «nesten» kokar. Rullen tåler at det boblar litt i laken innimellom. Lat rullen trekke i 2 timar.

Ta ut rullen og legg han under lett press til dagen etterpå, eller så lenge du greier å vente før du må smake.

(Besøkt 242 ganger, 1 besøk i dag)