Ingredienser

Bruk heile kje-skrotten og parter han i passande bitar. Det er td. vanleg å dele lår og bog i to.
Legg kjøttet i langpanne eller ildfast form. Det er viktig at kjøttet ikkje har for god plass i forma, då vert det tørt. Slå olivenolje over kjøttet, snu bitane og slå på meir olje.

Krydder:
Mykje salt, litt pepar og paprika.
Kvar kjøtbit skal krydrast på begge sider.

Tilberedning

Steik kjøttet på 150 grader i ca. 40 min eller til det øverste laget av kjøttstykka har fått ein fin og lys brun farge. Ta kjøtet ut av omnen og la kjøttstykka byte plass. Dei brune stykka skal no i botnen, og dei lyse stykka skal leggjast øverst i forma. Steik dei vidare i 40 min til. For å få den gyldne brune fargen på kjøtet må du kan hende skru opp varmen på omnen.
Om kjøttet ser ut til å bli tørt, kan du leggje folie eller lokk på forma. Du kan også slå på litt vatn for å få damp på kjøttet. Kjekjøttet er ferdig steikt når du kan rive kjøttet frå beinet med ein gaffel.

Kjekjøttsaus:
Lag ein lys brun saus.
Om kjekjøttet ligg trangt nok i omnen, vil det alltid verte god sky til å spe sausen med. Du kan også »lage» sky med å slå vatn over kjøtet mot slutten av steikinga. Litt mjølk eller fløyte i sausen gjev ein mild og god smak.
Smak til med salt, pepar og tyttebærsylte til slutt.

Server småkje saman med poteter og kokte grønsaker, særleg gulrot og blomkål høver godt.

(Besøkt 207 ganger, 1 besøk i dag)