Ingredienser

250 gram margarin/smør
50 gram sukker
2 1/2 dl kald mjølk
250 gram lettkokte havregryn
ca. 80-100 gram kveitemjøl
3 ts bakepulver

Tilberedning

Smelt margarin/smør og rør inn sukkeret til det vert oppløyst. Ha i kald mjølk og slå dette over havregryna. La det stå i kjøleskåpet natta over.
Neste dag knar du inn mjøl blanda med bakepulver til du får ein deig som kan kjevlast utover. Kanskje du må ha i litt meir mjøl enn det som står i oppskrifta. Kjevl deigen ganske tynn og stikk ut runde kjeks med eit glas eller metallringen av eit norgesglas. Brukar du eit slikt lok får du ca. 50 kjeks av denne oppskrifta. Til den typen bruk du skal ha det til er det kanskje eit poeng å lage kjeksa ganske små, altså typisk med eit barnematglas eller eit likørglas.

Pass på å ha godt med mjøl under deigen når du kjevlar slik at han ikkje set seg fast. Prikk kjeksa med ein gaffel og steik dei på midterste rille på 210 grader i ca. 10 minutt til dei vert lysebrune.

Vert kjeksa ikkje sprø har du steikt dei for lite. Steik gjerne nokre prøvekjeks for å finne ut kor tjukke dei skal vere og kor lenge dei må steikast.

(Besøkt 1 390 ganger, 1 besøk i dag)