Ingredienser

1 dl grønne linser
1 liter hønsebuljong
3 ss olje
1 finhakka løk
1 pressa kvitløk fedd
1 potet i terningar
1 gulrot i terningar
ca. 250 g finhakka spinat
salt og pepar
sitronbåter

Tilberedning

1. Skyll linsene godt og kok dei i hønsebuljongen på middels sterk varme i ca. 15 min.
2. Steik løken i oljen til den blir gyllenbrun, press kvitløken direkte i panna og la den frese eit minutts tid.
3. Bland løken med linsene og la suppa koke sakte under lokk i ca. 15 min, eller til linsene kjennast mjuke.
4. Tilsett poter- og gulrot terningane samt spinaten og la det heile koke sakte under lokk i 15 min. til.
5. Smak til med salt og pepar.
6. Serverast med sitronbåter som tilbehør, den som vil kan presse nokre dråpar i suppa si.

(Besøkt 171 ganger, 1 besøk i dag)