Ingredienser

8-9 kokte poteter
2 boksar tunfisk i olje (ca.300g)
2 finhakka purrer
3 egg
3½ dl mjølk
2 ss finhakka dill
salt og kvit pepar
ca. 50 g smør

Tilberedning

1. Set steikomnen på 200 grader. Skrell og skjær potetane i tynne skiver.
2. La tunfisken renne av og del den i mindre bitar.
3. Smør ein liten ildfast form og legg poteter, tunfisk og purre lagvis i forma.
4. Visp saman egga, bland dei med mjølka, finhakka dill, salt og pepar og hell den i forma. Fordel smør klattar over.
5. Steik forma ved 200 grader i ca. 35 min. til den har fått fin farge.
6. Serverast evt. med smelta smør og frisk salat.