Ingredienser

200 g smør eller margarin
250 g sukker
2 ts vaniljesukker
3 egg
240 g kveitemjøl
2 ts bakepulver
1/2 dl mjølk
300 g rabarbra
3 ss sukker og kanel hvis du vil.

Tilberedning

Smelt 2 ss smør, og pensle innsida av forma med det. Vend 1 ss mjøl rundt i forma. Rør smør og sukker til det er lyst og luftig. Knekk egga, og rør dei inn i smørblandinga eitt og eitt. Bland mjøl, vaniljesukker og bakepulver i ein annan bolle. Rør inn mjølblandinga i smørblandinga. Ha i mjølka til slutt. Ha røra i ei rund form, ca. 24 cm. Vend rabarbraen i sukker og evnt. kanel, og dytt det ned i røra. Steik kaka på nederste rille i omnen på 175 grader i 45 minutt.

(Besøkt 226 ganger, 1 besøk i dag)