Ingredienser

2 auberginer à 300-350 g
ca. 1 dl olivenolje
3 dl vatn
3 ss pressa sitron
1 ts sukker
salt

Fyllet:

ca. ¾ dl langkorna ris, godt vaska
2 tomater, skålda, flådd, hakka
1 finhakka løk
2 ss finhakka persille
¼ ts allehånde
salt og svart pepar

Tilberedning

1. Del auberginene i to på langs. Strø rikeleg med salt på snittflatene og la dei ligge i ca. 20 min.
2. Skyll auberginene godt. Grav ut fruktkjøttet og skær dei i små terningar.
3. Bland terningane med ingrediensane til fyllet.
4. Legg auberginskala i eit rommeleg kokekar og fordel fyllet i dei. Hell på olje, vatn, sitronsaft, sukker og salt og la det heile putre under lokk på svak varme i ca. ein time, eller til auberginene kjennast mjuke.
5. Serverast enten som forrett eller til kjøtt- og fiskeretter.

(Besøkt 125 ganger, 1 besøk i dag)