Ingredienser

Deig:
4 koppar kveitemjøl
1 ts salt
2 ts soyaolje
vatn- til ein deig som kan kjevlast ut

Fyll:
600 g kjøttdeig
1 stor paprika
3 middelsstore løk
1 ts salt
1 ts svart pepar
½ ts spisskummen
½ ts raud pepar

Tilberedning

Deig:
Del deigen i 6 emner. Ta to og to emner, trill dei runde og trykk dei litt flate (ca. 10 cm.) Smør olje på det eine og legg det andre oppå. Kjevle emnene ut til tynne «pannekaker» og steik dei på svak varme- må ikkje bli brune.(skal berre tørkast på panna.) Før steiking tørkast panna med ein rein fille dyppa i olje. To og to kaker steikast om gongen slik at du får 6 «pannekaker».

Sambusafyll:
Alle ingrediensane til sambusafyllet blandast og brunast godt i steikepanna. Alle «pannekakane» leggast oppå kvarandre og elast i fire. Fordel fyller på kvar av dei 24 stykka, brett dei saman til kremmerhus som limast i sida og toppen med kveitemjøl og vatn. Steik dei i matolje til dei er lys brune.

(Besøkt 79 ganger, 1 besøk i dag)