Ingredienser

4 dl sukker
ca. 150g romtemperert smør
4 egg
1 ss vaniljesukker
5 dl kveitemjøl
2 ts bakepulver
2 1/2 dl kokosmasse
2 1/2 dl mjølk

Til sukkerlake:
3/4 dl vatn
1 dl Sukker
1 ss vaniljesukker
1/2 ts rosenvatn (kan utelatast)

Til dekorasjon:
ca. 1/2 dl kokosmasse
ca. 1/2 dl melis

Tilberedning

1. Set steikeomnen på 185 grader. Rør sukker og smør kvit. Tilsett egga og 1 ss vaniljesukker og bland godt.
2. Bland kveitemjøl og bakepulver og 2 1/2 dl kokosmasse i ein bolle.
3. Rør saman mjølka og smørblandinga og tilsett dei tørre ingrediensane.
4. Hell kakerøra i ein lett smurd kakeform, ca.23 cm i diameter, og steik den i ca.55 min ved 185 grader.
5. Lag sukkerlaken: Kok 3/4 dl vatn saman med 1 dl sukker, vaniljesukker og evt. rosenvatn i 3-4 min. La laken bli kald.
6. Hell den avkjølte sukkerlaken over den varme, nysteikte kaken. Avkjøl kaken heilt. Strø melis over kaken og avslutt med kokosmasse.

(Besøkt 127 ganger, 1 besøk i dag)