Ingredienser

1 kylling delt i porsjonsstykker
2 auberginer à 250 g
1 finhakka løk
1-1½ dl olje
¼+¼ ts gurkemeie
2 pressa kvitløkfedd
2-3 ss tomatpuré
1 boks hermetiserte tomater
5-6 dl vatn eller meir
salt og pepar
½-¾ dl gule linser, bløtlagt i ca. ½ time
1-2 ss tørka mynte
1-2 ts sukker
2-3 ss pressa sitron

Tilberedning

1. Vask auberginene, fjern stilkane og skjær dei i ca. 1½ cm store terningar. Strø rikeleg med salt på auberginen og la dei «svette» i ca. 30 min.
2. Varm ca. 3 ss olje i eit rommeleg gryte. Tilsett ¼ ts gurkemeie og finhakka løk. Steik løken gyllen under omrøring.
3. Tilsett kyllingstykene og brun dei pent på alle sider.
4. Tilsett pressa kvitløk, tomatpuré og hermetiserte tomater. Salt og pepre og hell på ca. 4 dl vatn. La det heile putre under lokk i 15-20 min.
5. Skyll auberginterningane under rennande kaldt vatn og tørk dei godt med kjøkkenpapir. Steik terningane lett i olje med gurkemeie i ein steikepanne.
6. Rør ned dei lettsteikte auberginterningane og godt avrente linsene i kyllinggryta. Tilsett tørka mynte, sukker, sitronsaft og tilsett evt. meir salt, pepar og vatn. La gryta småputre under lokk i ytterligare 30 min.
7. Serverast med kvit persisk ris.

(Besøkt 143 ganger, 1 besøk i dag)