Ingredienser

½ kylling
7 dl kyllingkraft eller vatn
125 g tjukke eggenudlar eller ris vermicelli
4 vårløk
1 raud løk
2 ss olje
6 tørka sorte soppar
1 ss fiskesaus
salt og kvit pepar
nokre sitronskiver
evt. frisk raud/grøn chili

Tilberedning

1. Kok kyllingen til den er mør (40 min). Ta ut kyllingen og set krafta til side.
2. Legg soppen i vatn i ein halvtime.
3. kok nudlane i den varme krafta. Sil krafta av nudlane og set den til side.
4. Del opp kyllingen i fine strimlar.
5. Steik vårløk og raudløk i eit par min. tilsett kyllingstrimlane og steik lett. Ha løk og kylling oppi gryta med kraft. Ha i tørka sopp og og krydre med fiskesaus, salt og pepar.
6. Tilsett nudlane og la det koke i 5 min.
7. Pynt med chili og sitronskiver og server fiskesaus ved sida av.

(Besøkt 217 ganger, 1 besøk i dag)