Ingredienser

2 dl hakka urter
Ein bunt vårløk
150 g laks per person
20 g roquefort per person
Litt olivenolje

Tilberedning

Smør ei eldfast form med olivenolje. Legg urtene og den hakka vårløken i. Legg laksen oppå urtene, og skjer roqueforten i tynne skiver som du legg oppå kvar laksebit. Sett forma i varm omn (180 grader) i 10-12 minutt viss du brukar varmluft. Steiketida er eitt par minutt lengre viss du ikkje brukar varmluft. Server med aioli og saltkokte poteter. Bruk det du har av urter, eg brukte sitronmelisse, sitrontimian, oregano, grasløk og masse persille.

(Besøkt 134 ganger, 1 besøk i dag)