Ingredienser

2 dl kveitemjøl
1 ss malte peanøtter
1 ss sukker
1 egg
4 ss margarin
3 ss grovhakka peanøtter

Tilberedning

1. Vask salta peanøtter og la dei tørke eller bruk jordnøtter med skall.
2. Bland sukker, malte peanøtter og kveitemjøl i ein bolle. Gni i margarin og arbeid deigen glatt. Ha i evt. litt av egget.
3. Trill deigen til ein lang pølse og skjær den i ½ cm tjukke skiver. Dypp dei i samnpiska egg og strø litt sukker. Trykk kakene ned i grovhakka peanøtter.
4. Steikast midt i omnen på 180° til dei er gylne.

(Besøkt 408 ganger, 1 besøk i dag)