Ingredienser

Denne oppskrifta kan du doble fleire gongar. Å lage berre denne porsjonen vert det ganske lite av.

600 gram ferdigrenska rognebær
500 gram eple skorne i bitar.
ca. 3 dl vatn.

Tilberedning

Ha alt dette i ei gryte og kok det i 40 minutt. Sil den varme massa gjennom ein saftduk Ha safta i ei gryte og tilsett 1 kg sukker til 1 liter rognebærsaft. Kok saft og sukker i 10-15 minutt. Fjern skummet på geléen, og slå han over på reingjorde glas.

(Besøkt 1 194 ganger, 1 besøk i dag)