Ingredienser

1 boks tunfisk i olje(185g)
1 ss finhakka korianderblad eller persille
1-2 pressa kvitløkfedd
2 ts malt spisskummen
½ ts kajennepepper
2 ss kvitvineddik
2 støtte laubærblad
2-3 malte nellikspiker
2 ss olje

15 deigflak til sigarer
(sjå oppskriften over)
1 lettvispa eggekvite til «lim»
ca. 2½ dl olje til frityrsteiking

Tilberedning

DEIG TIL «SIGARER»:

(25-30 runde deigflak,
15-20 cm i diameter)

8 dl kveitemjøl
6 dl vatn
½ ts salt

1. Bland saman alle ingrediensane til ein røre som skal vere litt tjukkare enn pannekakerøre. La den stå tildekka i minst 2 timar, eller aller helst over natta.
2. Varm ein steikepanne med teflonbelegg eller tilsvarande på middels sterk varme. Legg ca. 1 ss av røra i panna og stryk den utover med skjeen til ein tynn hinne. Etter ca. 25 sekunder løsner deigflaket lett og løftast da forsiktig ut av panna med ein steikespade.
3. Dei ferdige deigflaka dekkast til med eit kjøkken handkle slik at dei held seg mjuke. NB dei må ikkje tørke.

————————

Sigarer:

# Mal alle ingrediensane til fyllet, eller kjør dei gjennom ein food prosessor.
# Ta ca. 2 ts av fyllet og rull det til ein lang tynn sigar.Legg den ytterst på kanten av deigflaket og rull den forsiktig inn én omgang. Brett inn sidene og stryk eggekvite lim på resten av deigflaket. Rull sigaren godt saman slik at den ikkje opnar seg under steiking.
# Friter sigarane i varm olje (180 grader) til dei får gyllen farge. La dei renne av på kjøkkenpapir.
# Serverast helst varme som appetittvekkar eller som forrett.

(Besøkt 58 ganger, 1 besøk i dag)