Ingredienser

400 g løk (gjerne sjalottløk)
5 fedd kvitløk
1.5-1.7 kg oksekjøt (gjerne flatbiff el. bankekjøt)
Olivenolje
Heil peppar
Oregano
Rosmarin
1 boks hermetiske tomatar
3-4 ss tomatpurè
2.5 dl raudvin
2 ss eddik (gjerne raud balsamicoeddik)
Salt
Sukker

Tilberedning

Skjær opp surr løk og kvitløk i olivenolje og sett til side. Skjær kjøtet i terningar og og brun det i olivenolje i 2-3 omgongar – kok ut panna med vatn mellom kvar gong og hell utkoket over løken.
Tilsett kjøtet og resten av ingrediensane utanom sukker og la det småkoke/trekkje på svak varme 3-4 timar Smil under lokk. Du kan puttte den heile pepparen i ein liten behaldar, ein slik du bruker til får-i-kål.
Den siste timen tar du av lokket slik at væske fordampar. Løken vil jevne sausen når den kokar lenge. Smak til med sukker og evt. meir salt eller urtekrydder og peppar (men då må du bruke grovmalt) .

Serverast med kokte poteter eller ris, gresk salat med feta, tzatziki og nysteikte rundstykke el. loff.

(Besøkt 867 ganger, 1 besøk i dag)