Ingredienser

400 g storfekjøtt
1 liter vatn
1 liten løk
3 tomater (flådde)
½ ss tomatpure
1 terning kjøttbuljong
4 poteter
1 stor squash (i skiver)
½ kryddermål malt nellik
½ kryddermål malt kanel
¼ ts gurkemeie
¼ ts kajennepepar
¼ ts kardemomme
salt og svart pepar

Tilberedning

1. Skjær kjøttet i 2-3 cm store terningar. Kok opp vatnet i ein stor gryte saman med kjøttbitane og litt salt. Skum av.
2. Skjær løken i små båtar og tilsett suppa saman med tomater, tomatpure, og buljong. La det putre på svak varme i ein time, eller til kjøttet er mørt.
3. Skjær potetane i store bitar og squashen i skiver og tilsett suppa. Ha i meir vatn om nødvendig.
4. Tilsett krydderet og la den småkoke under lokk ein halv time til.
5. Server med brød til.

(Besøkt 110 ganger, 1 besøk i dag)