Ingredienser

1 ½ dl bulgur (finmalt)
2-3 dl hakka persille
6 vårløk (eller 1-2 løk)
½ dl olivenolje
3-4 tomater
ca. 1 dl friskpressa sitron
1 ts salt
½ ts svart pepar
2-3 ss tørka mynte eller
6-8 ss finhakka frisk
3-4 salatblad

Tilberedning

1. Hell bulguren i ein bolle og hell på kaldt vatn så det dekker. La den stå og trekke i 25-30 min.
2. Finhakk i mellomtida løk, persille og tomater.
3. Hell bulguren i ein dørslag og press ut alt vatnet.
4. Bland alle ingrediensane bortsett frå mynte og salatblad i ein stor bolle og la den stå i kjøleskapet i minst 2 timar.
5. Mynte og salatblad blandast i like før servering.

(Besøkt 176 ganger, 1 besøk i dag)