Ingredienser

4 grøne paprika
4 biff tomater
1 boks tunfisk i olje
1 purre i tynne skiver
ca. 200 g brekkbønner,
kokte eller hermetiske
1-2 ss kapers
2 hardkokte egg
1 ss finhakka persille

Dressing:
3-4 ss olivenolje
2-3 ss pressa sitron
salt og svart pepar

Tilberedning

1. Vask og tørk paprikaen godt og grill eller steik dei i olje til skinnet løsnar.
2. Trekk skinnet av paprikaen, fjern kjernene og skjær paprikaene i strimlar.
3. Skåld tomatane i kokande vatn, flå dei og skjær dei i terningar.
4. La mesteparten av oljen renne av fisken. Del den i bitar og bland den med paprika, tomat, brekkbønner, purre og kapers i ein salatbolle.
5. Pynt salaten med eggebåtar og persille.
6. Bland ingrediensane til dressingen og hell den over salaten, som helst skal stå i kjøleskapet ein halvtimes tid før servering.

(Besøkt 56 ganger, 1 besøk i dag)